Bergensgruppen har verdas beste rookie!

LB1AH Irmantas Butkevicius vann rookie-klassen i CQ World Wide DX Contest SSB (CQWW SSB 2017) som gjekk av stabelen siste helga i oktober 2017. Rookie betyr at ein har hatt lisens i mindre enn tre år.

CQ World Wide DX Contest SSB er verdas største radiosportkonkurranse, med over 8000 deltakarar som sende inn logg i 2017 og enda nokre til som deltok utan å sende logg. I Rookie-klassen var det nesten 350 deltakarar frå heile verda. Med 773 816 poeng sette Irmis også ny norsk rekord i Rookie-klassen. Irmis køyrde frå gruppestasjonen på Totland i Fana. Med 31,7 timars innsats av dei 48 timane contest-en varte, vart han ikkje berre nr 1 i Noreg og nr 1 i Europa, men alså nr 1 i verda. Irmis har også vore på laget i Bergensgruppen LN1B sine fine førsteplassar i Noreg i klassen Multi-Operator Single Transmitter både i Scandinavian Activity Contest SSB i 2016 og 2017 og i CQWW SSB 2016.

I CQWW SSB 2017 stilte LB1AH Irmantas Butkevicius i klassen Single Operator – All Bands – High Power – Assisted. I totalkonkurransen vart LB1AH Irmantas Butkevicius nr 2 i Noreg i denne klassen, etter LA6VQ Frode som fekk 1 065 405 poeng etter 42,5 timars innsats, så her tok Bergensgruppen dei to første plassane. Frode køyrde frå LA4HC Brynjulf sitt QTH på Drange i Os sør for Bergen.

Bli medlem
Medlemsfordeler
Nettbutikk
Logg inn
Grupper
Interesseområder
Om NRRL
Kontakt oss