Tekstmeldingar uten mobildekning, nett eller WiFi?
Ja, med VHF/UHF-radio og ein app på telefonen er det mulig! Les vidare og finn ut korleis.
Ei gruppe utviklarar, leia av Pierre, W4CKX, er i gang med utvikling av ein ny digital tekstmeldingsmodus for bruk over VHF/UHF radiosamband – både for allmenn bruk og nødsamband.
Kort fortalt baserer løysinga seg på et OFDM software-modem i ein app på telefonen – og bruk av akustisk kobling (interface trengst altså ikkje) mellom telefon og radio (du må nøkle manuelt evt. bruke VOX). OFDM-modemet i kombinasjon med «framover-feilkorreksjon» (FEC) gir muligheit for feilfri overføring av tekst med god hastigheit over FM – og det bør fungere også via repeater (nokon må prøve over DMR!).
Kort info om prosjektet finst på: www.ribbitradio.org.
Prosjektet er i startfasen, og til no er det utvikla en «prototyp-app» for «peer-to-peer» overføring av tekstmeldingar. Det er planar om meir avansert funksjonalitet, m.a. i form av lokal server (Raspberry Pi) for bruk i nødsamband – uten nettilgang. Det vil også bli lagt vekt på anna funksjonalitet tilpassa nød-/katastrofesamband (det finst alt no muligheit for geokoding av meldingar).
Utviklaren av modemet er Ahmet Inan (frå aicodix GmbH) – og det ser ut til å ha utspring i bildeoverføring (open kildekode osv. finst på github). Han har også laga prototyp-appen Rattlegram for Android.
Info og linkar på: www.aicodix.de/cofdmtv og www.aicodix.de/cofdmtv/rattlegram.
Appen Rattlegram: play.google.com/store/apps/details?id=com.aicodix.rattlegram
Ein presentasjon av konseptet (ca. 16min, med påfølgande «Q&A») ved Pierre, W4CKX:
Ei god innføring i teknikken bak OFDM-modulasjon med utgangspunkt i Rattlegram:
Lyst å prøve? Dette er gratis moro! Og kanskje nyttig kunnskap også…