QST-LA og Bergen Radio
Den andre land til skip radiostasjon i Norge, Bergen Radio, opna 1. september 1912. Derfrå skal QST-LA sendast no søndag 10. september 2023, 101 år og 9 dager etter.
Trur ein at me klarer å få Bergen Radiostasjonen, og LA1C, på lufta til kl. 10?
Karene frå LA1ASK/FBK får litt knappe tidsfrist med å sette opp antenne søndagsmorgon, Fløibanen starter sin fyrste tur opp kl. 08, som ta 5 min, og frå toppstasjon ta det ca. 1 time og 10 minutt å gå resten av vegen. Me skal prøve så godt me kan og da skal stemmen til LA1TNA runga ut over land og strand, og Bergens byfjell.
Bergen Radio – LA1LGN skal og vera ope for å markere haustens «Kom Deg Ut Dagen» no den 3. september.
Sida stasjon er inne i eit fast bygg, med oppkopling til lysnettet, kan me ikkje delta direkte i årets «Field Day». Men alt stå midt i eit utemark, trasig!
Etter QST-LA den 10. september, og innsjekken, skal me bytte kallesignal til LA1LGN for resten av dagen fram til 1600, men me skal bruker meir moderne utstyr enn i bildet over.
Den 10. september vert den siste søndag i år med sjansar for å få kapreseg eit QSL kort frå LA1LGN.