Logo MMDVM

ARDC finansierer vidareutvikling av MMDVM-programvaren

MMDVM-programvaren er basis for fleirtalet av hotspot o.l. med støtte for DSTAR, DMR, System Fusion, M17, NXDN, P25 og POCSAG. Programvaren blir no vidareutvikla med finansiering frå ARDC.

Ei pressemelding datert 29. september frå Amateur Radio Digital Communications (ARDC) melder at dei finansierer engasjement på heiltid for Jonathan Naylor, G4KLX (som er «mannen bak MMDVM») for å utvikle MMDVM-programvaren vidare. Dette skjer i regi av «MMDVM project» som har som mål å samle alle eksisterande MMDVM-baserte prosjekt til eitt open-source prosjekt.

Målsettinga er m.a. feilretting, forbedring, støtte for m.a. MQTT, støtte for AX.25, og å porte programvaren til nyare generasjonar mikrocontrollerar. Støtte for m.a. M17 og AX.25 er alt lagt til, og støtte for 9600, 19200 og 38400 baud pakke-modes med bruk av 4FSK-modulasjon er under arbeid. Pakke-modusane vil ha støtte for protokollen Improved Layer 2 Protocol (IL2P) med integrert FEC.

Info om ARDC: www.ardc.net
Info om MMDVM project: www.mmdvm-project.org
Info om IL2P: en.wikipedia.org/wiki/Improved_Layer_2_Protocol


Norsk Radio Relæ Liga
Postadresse: Postboks 20 Haugenstua, 0915 Oslo
Besøksadresse: Nedre Rommen 5E, Oslo
 
Telefon: 22 21 37 90 - kontortid: tirsdag-torsdag kl 09-15 (ferielukket i juli)
Kontaktskjema

© Copyright 2024 Norsk Radio Relæ Liga. Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet.
Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten avtale. NRRL har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.