Høyr køntrilåta «Eat sleep and DX»
Som eit oppspel til eit foredrag om kunstig intelligens i Gudbrandsdalsgruppa fekk LB4CD Ola-Matti Mittigård laga ei køntrilåt(!) om amatørradio.
Ola-Matti fortel sjølv:
I LA7G Gudbrandsdalsgruppa er det møte kvar fyrste torsdag i månaden. Då har vi nokre faste punkt, kaffedrikking, ymse prat og utdeling av QSL-kort. Eit fast punkt er dagens tema. Då er nokon av oss budd på å seie noko, halde eit lite foredrag, syne fram noko osb. Det gjer møta meir interessante.
På novembermøtet i år var det min tur, og eg hadde lova å freiste å seie noko om kunstig intelligens og amatørradio. For å ha ei litt anna innleiing enn heilt standard, valde eg på førehand å be ein KI som heiter Suno om å lage ein låt. Eg skreiv ei stutt bestilling (prompt) på engelsk, og sa at låten skulle handla om radioamatørar frå LA7G i Gudbrandsdalen som kosa seg med radio. Låten skulle ha eit køntri-preg og måtte innhalde orda: «eat, sleep and DX.» Desse orda blei også tittelen. Suno lagar tekst og musikk på nokre få straksar, og du får ei mp3-fil du kan spela av, eller du kan lenke til Suno. Alle som er inne og klikkar på musikk dei likar, lærer opp KI i kva som er bra. Dette er eit godt døme på maskinlæring.
Låta slo godt an, og etter møtet delte eg ho på heimesida vår.
Korleis låta blei kan du lytte til her: https://suno.com/song/befc85fe-20ee-4326-962d-8051b8d0d470
Du kan lage dine eigne låtar hjå https://suno.com/ Kanskje det er fleire grupper som treng ein piff i haustmørkret?
Vil du syngje med? Her er teksten:
Eat, sleep and DX
In a cabin by the mountain, where the signal’s strong and clear, LA7G we gather round, with a coffee and a cheer, Huddled by the rig, as the evening sun fades low, We chase the distant voices, in the northern glow.
From the peaks of Gudbrandsdal to the valleys deep and wide, Hamradio waves they carry, where the northern lights reside, In the stillness of the night, when the world’s asleep and still, We reach across the moment, eager hearts to fill.
Refr:
Eat, sleep, and DX, under starry skies we strive, With every call and signal, our passions come alive, Through static and the silence, we find a way to cope, Eat, sleep, and DX, with every call, new hope.
With our headphones on, the world feels so near, Morse code taps a rhythm, that only we can hear, From lands so far away, to neighbors ‘cross the sea, Hamradio unites us, in this global spree.
In the heart of Norway’s north, where winters can be cold, We warm ourselves with voices, stories being told, DX dreams and friendships, our bond forever stays, In the heart of Gudbrandsdal, where the signal never fades.
Refr:
Eat, sleep, and DX, under starry skies we strive, With every call and signal, our passions come alive, Through static and the silence, we find a way to cope, Eat, sleep, and DX, with every call, new hope.