Veien til internasjonal radioamatørlisens

kr 490

Den nye læreboka har teke utgongspunkt i ei tilsvarande lærebok frå Radio Society of Great Britain (RSGB). Boka er et dugnadsprosjekt der medlemer av Bergensgruppen og gode amatørvener har omsett, modernisert og omarbeidd stoffet til norske tilhøve.

På lager

Produktnr: NRRL-VEIEN Kategori:

Beskrivelse

Den nye læreboka har teke utgongspunkt i ei tilsvarande lærebok frå Radio Society of Great Britain (RSGB). Boka er et dugnadsprosjekt der medlemer av Bergensgruppen og gode amatørvener har omsett, modernisert og omarbeidd stoffet til norske tilhøve. Boka følgjer pensumkrava i radioamatørforskriften. Boka kan nok verte oppfatta som meir omfattande enn den førre læreboka, men det skuldast først og fremst at pensumet omfattar litt meir enn før. Nokre stader har vi også teke med litt meir enn pensum, for å gjere stoffet litt enklare å forstå for dei som ikkje allereie har en viss teknisk bakgrunn. Etter kvart kjem det både undervisningsmateriell og ulike hjelpemiddel som er tilpassa den nye boka. Det kjem også nye og oppdaterte spørsmål til lisensprøva. Sjølv om vi har gjort mykje for at boka skal bli god, er vi heilt sikre på at dette ikkje er den feilfrie og perfekte læreboka. Vi tek derfor svært gjerne i mot rettingar og forslag til forbetringar til ei seinare utgåve.